[email protected]


Logo
Bli medlem
Styre og AU

Eldsjelpris

Breimsbygda idrettslag ynskjer å få inn forslag til Årets eldsjel 2025. Send inn forslag på e-post til [email protected] innan 19.november. 

Årets eldsjel i Breimsbygda idrettslag.

Målsetjinga med prisen:

  • Synleggjere frivillig arbeid
  • Stimulere til frivillig innsats
  • Auke medvitet omkring rolla frivillig innsats har for lokalsamfunnet

Retningsliner for tildeling:

  • Eldsjelprisen vert gjeve til ein person som med iver og begeistring gjer, eller har gjort, ein innsats til beste for idrettslaget.
  • I vurderinga skal det leggast særleg vekt på at vedkomande person står fram som eit godt føredøme, viser pågangsmot og såleis stimulerar andre til frivillig innsats.
  • Eldsjelprisen skal annonserast på BBIL si heimeside, og alle medlemmar i idrettslaget kan kome med forslag. Med kvart forslag må det fylgje ei kort grunngjeving for kandidaturet.
  • Eldsjelprisen skal vere ein pengesum/gåvekort på 2.000 kroner og eit diplom, og kan delast ut årleg.
  • Tildeling av eldsjelprisen vert gjort av AU i BBIL.

Desse har fått tildelt prisen Årets eldsjel frå Breimsbygda idrettslag:

2012 – Arve Kleppe

2013 – Vegar Sårheim

2014 – Gjertrud Støyva

2015 – Ola Bergheim

2016 – Knut Lunde

2017 – Jannike Felde

2018 – Reidar Moldestad

2019 – Nils Jordanger

2020 - Jan Arve Søvde

2021 - Kent Øystein Hjelle

2022 - Eva Marie Felde

2023 - Anders Felde

2024 - Anne Merethe Kleppenes