Anlegg og aktivitet
Ta turen til Reed Stadion og spel litt frisbeegolf. Vi er rause og krev ikkje verken medlemsskap i BBIL eller at du er frå bygda. Vi har ei utstyrskasse ved den raude bua som står i bakken på Reed Stadion, der finn ein eit lite utval av frisbee. Vi ber alle om å legge tilbake utstyr som vert lånt, slik at alle kan ha glede av vårt felles utstyrslager. Velkomen!