Krisehandteringsplan BBIL
Krisehandtering i Breimsbygda idrettslag
Breimsbygda IL har vedteke ein Krisehandteringsplan. Den omfattar heile Breimsbygda IL, både utøvarar, leiarar, tillitsvalde og tilsette. Planen skal vere kjent for alle i laget, både tillitsvalde, leiarar og tilsette, noko som krev ein årleg gjennomgang/orientering, og at planen inngår som ein del av arrangementsstrategien ved alle arrangement i regi av Breimsbygda IL.
Samandrag av krisehandteringsplanen:
Prioritet når krisa/hendinga skjer:
- Varsle (sjå Varslingsplan)
- Redde og sikre menneskeliv
- Sikre seg best muleg oversikt over situasjonen/hendinga
- Ivareta pårørande i samråd med politi og kommune, hugs personvern
- Sikre intern og ekstern informasjon i samråd med politi og kommune
- Sikre materielle verdiar
- Ta vare på involverte/uskadde
Varslingsplan:
- Den som først blir merksam på ulukka har ansvaret for at det vert meldt frå.
- NB! Sett i gang førstehjelp om nødvendig!
- Når du varslar, hugs:Kven du erKva har skjeddKvar har dette skjeddKor mange er skadd/omfanget av skaden
- Kven du er
- Kva har skjedd
- Kvar har dette skjedd
- Kor mange er skadd/omfanget av skaden
- Ring deretter: Leiar i idrettslaget - som har ansvaret for å varsle dei andre i kriseleiinga.
Varslingsliste
- 110 – Brann- og redningsetaten
- 112 – Politiets operasjonssentralar
- 113 – Medisinsk nødhjelp
I krisesituasjonar skal informasjonsstraumen internt i Breimsbygda IL ivaretakast av AU.
Kriseleiing:
Kriseleiinga i Breimsbygda IL består av AU.
Leiar: Erika Louise Virtanen Tlf: 480 05 524
Nestleiar: Erik Seime 918 84 436
Medlem: Silje Aardal 41566219
Hjartestartar er plassert på Breimsbygda Studio og ute på Reed Stadion (under takoverbygget på Breim Barnehage). BBIL eig også ein mobil hjartestartar som er lokalisert på kjøkkenet i stadionbygget når den ikkje er tatt med ut på aktivitet.
Førstehjelpsutstyr er på kjøkkenet på Byrkjelo Stadion, Breimsbygda Studio og ballrom Reed Stadion.
Sjå vedlagt komplett Krisehandteringsplan for BBIL.