[email protected]


Logo
Bli medlem
Inkluderingsfond

DEN USYNLEGE DUGNADEN

Forfatter: Bjarte Gangeskar

11. mars 2022

Forside
News article image

Mange har sitert og kommentert uttalen min om at vi "kanskje ikkje er verdsmeister i dugnad, men at vi truleg er verdsmeistrar i å snakke om kor gode vi er på dugnad".

Nokre har tolka uttalen min ut av kontekst og oppfatta at eg meiner vi bør slutte å skryte. Faktum er stikk motsatt. Eg la også til at det å snakke om kor gode vi er på dugnad, er viktig og eit poeng i seg sjølv.

Mange kan sjølvsagt kjenne på at "dugnadstrykket" blir vel stort av og til. Men, dersom alle hadde hatt innsikt i kor avhengig eit lokalsamfunn er av dugnaden - så hadde det kanskje vore lettare å tole "dugnadsmaset".

Faktisk må vi i enno større grad løfte fram dugnadsinnsatsen, fordi mykje av den skjer i det skjulte og utan at folk merkar noko til det. Denne veka har for eksempel nokre eldsjeler teke på seg ansvaret med å vaske tak og vegger på Idrettsklubben. Truleg er det ikkje mange som har merka at dei har vaska. Men, eg kan love at mange hadde merka det om dei IKKJE hadde gjort det. For ordens skuld: Den einaste grunnen til at eg ikkje opplyser kven desse eldsjelene er, er at dei ikkje ynskjer å få offentleg skryt. Uansett skal dei - og alle de andre som stiller opp ha TAKK!