MEDLEMS- OG TRENINGSAVGIFT FOR 2023 ER SENDT UT
Forfatter: Bjarte Gangeskar
16. september 2023
Då skal alle medlemmar og aktive i Breimsbygda Idrettslag ha fått tilsendt faktura på medlems- og treningsavgift. Dei fleste har fått denne på e-post. Om du ikkje finn den ber vi om at du sjekkar "søppelboksen" din, og ligg den ikkje der sender du ei melding til [email protected]
Det er viktig at alle betaler innan fristen slik at vi slepp å bruke ressursar på purring. Vi minner og om at vi har eit eige inkluderingsfond for dei som har vanskar med å betale rekninga. Sjå eiga sak om dette her: Breimsbygda IL - Inkluderingsfond i Breimsbygda idrettslag
Av og til får vi tilbakemelding som t.d. at eg ikkje har brukt kortet mitt på treningssenteret, skal eg likevel betale. Tja, vi fører ikkje kontroll med kor mykje folk trenar. Du betaler for tilgangen til treningssenteret. Vil du ikkje ha slik tilgang lenger må du gje beskjed. Også det kan du melde frå om på: [email protected] eller tlf. 95285015
Er du ikkje medlem i Breimsbygda Idrettslag så vil vi sette pris på at du melder deg inn. Informasjon om ulike typar medlemskap finn du her: Breimsbygda IL - Spoortz