[email protected]


Logo
Bli medlem
Inkluderingsfond

EVA MARIE FELDE ER ÅRETS ELDSJEL

Forfatter: Bjarte Gangeskar

21. november 2022

Forside
News article image

Årets eldsjel i Breimsbygda idrettslag 2022.

Målsetjinga med prisen: Synleggjere frivillig arbeid, stimulere til frivillig innsats, auke medvitet omkring rolla frivillig innsats har for lokalsamfunnet.

Retningsliner for tildeling:

1. Eldsjelprisen vert gjeve til ein person som med iver og begeistring gjer, eller har gjort, ein innsats til beste for idrettslaget.

2. I vurderinga skal det leggast særleg vekt på at vedkomande person står fram som eit godt føredøme, viser pågangsmot og soleis stimulerar andre til frivillig innsats.

Årets eldsjel er ein person som over år har bidrege på mange områder i idrettslaget. Vedkommande jobbar mykje i det stille, men er ikkje mindre viktig av den grunn. På mange måtar kan vi sei at årets prisvinnar er ein del av idrettslaget sitt «grunnfjell». Utan den innsatsen representantar frå dette «grunnfjellet» legg ned, hadde vi ikkjehatt eit idrettslag med så god aktivitet som vi faktisk har. Prisvinnaren er nok arveleg belasta når det gjeld både verv og dugnadsinnsats. Difor kan det vere lett for oss andre å ta engasjementet som ei sjølvfølge.

Årets prisvinnar har vore medlem i hovudkomiteen for NM 2011, 2015 ( junior) og 2018, med ansvarsoppgåver knytt til presse og kommunikasjon. Vedkommande har i mange år vore redaktør for idrettslaget si årsmelding – populært kalla ei Breimsbygda Ve & Berre Vel. Ei årsmelding som kvart år vert lagt merke til langt utover bygda sine grenser.

Prisvinnaren er for tida leiar i handballgruppa og styremedlem i orienteringsgruppa. Som om ikkje det er nok, tek ho sjølvsagt og eit tak når treningar og kampar skal gjennomførast. Å ta medansvar for nøstetrimmen var og ei sjølvsagt oppgåve når eigne born var i den alderen. Når idrettslaget kallar inn til dugnad, enten det er oppussing på Byrkjelo Stadion, slått på Reed, sal av julenek eller kakelotteri, kan du vere sikker på at prisvinnaren er ein av dei som bidreg.

Vi har nok ikkje den heile og fulle oversikta over alt vedkomande har stilt opp på, så truleg er det som er nemnt her berre ein liten del av dei formelle og uformelle oppgåvene årets eldsjel har hatt i idrettslaget.

Breimsbygda Idrettslag sin eldsjelpris for 2022 går sjølvsagt til Eva Marie Felde