ER DET VERDT DET?
Forfatter: Bjarte Gangeskar
25. november 2022
I Breim er det ei kjent sak at alt heng saman. Breimsbygda Idrettslag er ein av stiftarane av Norsk Countrytreff og medlemmane er då sjølvsagt med på den store dugnaden for å gjennomføre dette arrangementet.
Dette betyr og at idrettslaget og har gode inntekter frå fast dugnadskompensasjon og andre oppdrag, som t.d. rydding av campingplass, rydding av arena og drift av countrybutikken. No er tala frå 2022 klare og svaret er eit klart å rungande ja – Breimsbygda Idrettslag og Norsk Countrytreff har stor gjensidig nytte av kvarandre.
Breimsbygda Idrettslag hadde inntekter på nærare kr. 250.000 frå Norsk Countrytreff i 2022. Dette er viktige inntekter som er med og sikrar den ordinære drifta i idrettslaget, og ikkje minst gjev dette oss høve til å vedlikehalde og utvikle anlegga våre.
Tala viser og at Norsk Countrytreff er viktig utover sjølve festivalopplevinga. Men, vel så viktig er det at festivalen er med å bidreg til å oppretthalde og lære opp den komande generasjonen i dugnad og frivillig arbeid. Å forstå kor viktig dette arbeidet er – er ein føresetnad for å kunne skape bulyst på bygda. Og så er det heller ikkje ei ulempe at festivalen, og organisasjonane som bidreg til denne, også genererer store inntekter til næringslivet i området.
Alt heng med andre ord saman – og dugnadsinnsatsen er absolutt verdt innsatsen.