Kompetanseheving i fotballgruppa!
Forfatter: Espen Eithun Langedal
18. april 2023
Grasrottrenar delkurs 1: Barnefotballkurset - vart avslutta på Byrkjelo 18. april. Av 14 kursdeltakarar var heile 11 av desse frå eigne rekker!
Dei to siste tysdagane har Breimsbygda IL hatt storfint besøk av høvesvis Henrik Furebotn og Anders Stadheim frå NFF Sogn og Fjordane. Treningsobjekta i begge praksisøktene har vore Breimsbygda sine J8 og J9 som trenast av brørne Stian og Kent Øystein som begge deltok på barnefotballkurset.
Jentene har hausta ros frå både kurshaldarane og -deltakarane for å vere ein kjekk gjeng med ivrige og lydhøyre jenter. Det har vore mykje god lyd på Byrkjelo stadion med jenter som lo og hadde det moro i to leikprega økter der dei vart introdusert for fleire nye øvingar.
Dei øvrige kursdeltakarane frå Breimsbygda IL var Anette, Espen, Ingelin, Jannice, Jørgen, Kai Petter, Leif Øystein, Per-Erik og Rolf Kjetil.
Vi vonar at fotballfagleg påfyll vil gje nye impulsar til våre trenarressursar og kome borna i både Breimsbygda, Gaular og STIL til gode.
I forkant av dei fysiske møtekveldane har kursdeltakarane gjennomført kursmodular på nett. Om innhald og gjennomføring har tilbakemeldingane frå kursdeltakarane vore utelukkande positive. Takk for besøket til Ann-Iren frå Gaular, Norunn og Trine Anikken frå STIL og Henrik og Anders frå NFF Sogn og Fjordane.
Under føl nokre bilete frå barnefotballkurset.