[email protected]


Logo
Bli medlem
Inkluderingsfond

SKIGRUPPA

Forfatter: Bjarte Gangeskar

04. april 2023

Forside
News article image

I tida framover kjem vi til å presentere dei ulike gruppestyra i Breimsbygda idrettslag. Leiarane i dei ulike gruppene vert i samband med det gjeve litt ekstra merksemd. Det er i gruppene den viktige aktiviteten skjer og leiarane tek oftast eit tak langt utover det ein vanlegvis tenkjer ligg til ein styreleiar. Vi finn dei ofte og på trening eller involvert i ulike dugnadsprosjekt.

Geir Thomas Myklebust er 42 år og nyvalt leiar i skigruppa. Han bur i Myklebustdalen, har 4 barn og bonde av yrke. Sidan han ikkje er så veldig glad i merksemd, får han lov å ha med seg to andre frå styret på bilete.

Han seier at han tok på seg vervet som leiar i skigruppa av den enkle grunn at der var få som ynskte å gjere denne jobben og han meiner skigruppa er ei viktig gruppe i idrettslaget. Det er viktig å både gje barn og unge eit tilbod til fjells, samstundes som aktivitetane til skigruppa støtter opp om skisenteret som er ein fantastisk flott ressurs for bygda og kommunen.

Det blir store sko og fylle etter Anders som har gjort ein fenomenal innsats i høve å skape skiglede og aktivitet. Men eg får heldigvis med meg mange dyktige folk. Mine born har vore heldige å fått møte mange dyktige og engasjerte frivillige i dei ulike gruppene, slik sett håpar eg å få gje noko tilbake med dei bidraga eg kan. Med det vil eg seie at kan eg, så kan alle

Du kan Geir Thomas det veit vi – og innstillinga di inspirerer.

Her ser du den flott gjengen Geir Thomas har med seg i skigruppa:

Namn

På val

Leiar

Geir Thomas Myklebust

2024

John Andre Volle Støyva

2025

Aina Olin Engen

2025

Per Asbjørn Felde

2024

Leif Øystein Felde

2025