GRATIS AKTIVITETSKURS OG SOSIAL HELG FOR VEKTLØFTING I TRIVSELSHALLEN!
Forfatter: Kristin Sandal
19. oktober 2026
GRATIS AKTIVITETSKURS OG SOSIAL HELG FOR VEKTLØFTING I TRIVSELSHALLEN! Laurdag 24. og søndag 25. oktober inviterer vi til ei sosial og lærerik helg med aktivitet, trening og fellesskap i Trivselshallen på Sandane! Dette er ei flott moglegheit for barn og ungdom – anten dei driv med fotball, friidrett, ski, turn eller andre aktivitetar. Her treng ein verken erfaring med vektløfting eller særlege forkunnskapar!
Laurdag 24. og søndag 25. oktober inviterer vi til ei sosial og lærerik helg med aktivitet, trening og fellesskap i Trivselshallen på Sandane! Dette er ei flott moglegheit for barn og ungdom – anten dei driv med fotball, friidrett, ski, turn eller andre aktivitetar. Her treng ein verken erfaring med vektløfting eller særlege forkunnskapar!
SØNDAG – EIGA SAMLING FOR NYBYRJARAR! Søndag 25. oktober blir det ei eiga samling for nybyrjarar frå 5. klasse og oppover. Her får barna prøve seg på grunnleggjande styrke, balanse, koordinasjon og løfteteknikk, under rettleiing av dyktige instruktørar. Det handlar ikkje om å løfte tungt! Opplæringa er tilpassa alder og ferdigheiter, med lette treningsstenger, enkle øvingar og leikprega aktivitetar. Målet er å skape meistring, treningsglede og eit godt sosialt miljø for dei yngste – på tvers av idrettar og klubbar.
REGIONSSAMLING OG TRENARKURS Gjennom helga blir det også regionssamling for ungdoms-, junior- og U23-løftarar, der eldre utøvarar òg er velkomne. Parallelt blir det arrangert Trenar 1-kurs, med særleg fokus på korleis ein kan drive trygg, variert og motiverande styrketrening for barn og ungdom. Dette kurset passer for alle som er barne- og ungdomstrenarar, uavhengig av gruppe eller idrett. Kurset blir leia av Bjarne Bergheim frå Breimsbygda, som har brei erfaring som trenar og instruktør innan styrketrening og vektløfting. Det blir også instruktørar frå Tambarskjelvar, Bjørgvin og Breimsbygda, og elevar frå Firda blir ein del av helga.
SOSIAL SAMLING LAURDAG KVELD Laurdag kl. 18.00–20.00 inviterer vi til sosial samling med aktivitet og mat i Trivselshallen. Her blir det høve til å bli kjent på tvers av alder, idrettslag og særgrupper. Og pizza høyrer sjølvsagt med!
NØKKELINFORMASJON:
Laurdag 24. og søndag 25. oktober
Trivselshallen, Sandane, Oppstart kl. 10.00 begge dagar
Sosial samling laurdag kl. 18.00–20.00 Påmelding og spørsmål om regionssamlinga: Ola Bergheim, regionsleiar [email protected] 990 34 782 Påmelding til Trenar 1-kurset skjer gjennom NIF/Min idrett. Meir informasjon og påmeldingslenke kjem, følg BBIL Vektløfting (facebook) eller kontakt Ola Bergheim. Dette er ei fin moglegheit til å prøve noko nytt, utvikle grunnleggjande ferdigheiter og ikkje minst byggje vennskap og eit godt idrettsmiljø på tvers av aktivitetar. Vel møtt til ei aktiv, sosial og kjekk helg!
Arr: Vektløftarregionen