[email protected]


Logo
Bli medlem
Inkluderingsfond

BREIMSBYGDA FRIIDRETT

Forfatter: Bjarte Gangeskar

26. mars 2023

Forside
News article image

I tida framover kjem vi til å presentere dei ulike gruppestyra i Breimsbygda idrettslag. Leiarane i dei ulike gruppene vert i samband med det gjeve litt ekstra merksemd. Det er i gruppene den viktige aktiviteten skjer og leiarane tek oftast eit tak langt utover det ein vanlegvis tenkjer ligg til leiarveret. Vi finn dei til dømes ofte og på trening eller involvert i ulike dugnadsprosjekt.

Fyrst ut er friidrettsgruppa:

Reidar Moldestad er leiar og trenar i Friidrettsgruppa. Han har vore med i idretten sidan tidleg på 70-talet - mest i friidrett - men, og i mange andre roller.

På heimebane hevdar han å ha ei tolmodig kone. Dei to vaksne borna som og har vore engasjerte i idretten er flytta ut. Begge har likevel framleis ei sterk tilknyting til bygda og idrettslaget. I det sivile livet jobbar leiaren i friidrettsgruppa som huskonsulent/proffansvarleg, hos BYGGER'N SANDANE.

På spørsmål om kor gamal han er, er svaret at han er godt over middagshøgda – men, framleis like engasjert. Det meir nøyaktige svaret er at han framleis er ein ung mann på knappe 65 år.

Årsaka til at Reidar framleis engasjerer seg i laget er kort oppsummert slik: «BBIL er ein arena der ein kan få lov å vere med og bidra til å skape gode oppvekstvilkår for born og unge i bygda.»

Friidrettsgruppa består av denne gode gjengen:

Namn

På val

Leiar

Reidar Moldestad

2024

Nestleiar/sekretær

Anne Merete Kleppenes

2025

Styremedlem

Are Gil

2025

Styremedlem

Kent Øystein Hjelle

2024

Styremedlem

Iselin Myklebust

2024

Styremedlem

Ann Iren Festervoll

2025

Styremedlem

Per-Erik Hjelle

2025