[email protected]


Logo
Bli medlem
Inkluderingsfond

LA OSS SLEPPE Å BRUKE TID PÅ PURRING

Forfatter: Vegar Sårheim

23. november 2021

Ski
Sykkel
Volleyball
Orientering
Barneidrett
Friidrett
Trim
Vektløfting
Håndball
Forside
Treningssenter
Frisbeegolf
News article image

Betalingsfristen gjekk ut 19. november og det er framleis mange som ikkje har betalt medlems- og treningsavgift. Er du ein av dei som har gløymt det - sjekk e-post og få det gjort så sparar du oss for mykje arbeid. Du kan og betale via den nye appen vi har fått med dei nye nettsidene. Søk opp ´Spoortz´ der du på Appstore.

Du har fått rekning for medlems-og treningsavgif, har du ikkje betalt denne ber vi deg sjekke e-posten din!.

BBIL har i utgangspunktet låge avgifter samanlikna med andre lag. Vi har langt på veg klart å oppretthalde aktivitetsnivået under pandemien. Likevel har idrettslaget tapt inntekter under nedstenginga. Noko av dette vert kompensert gjennom reduserte utgifter og gjennom ulike kompensasjonsordningar.

Vi har store oppgåver framfor oss. M.a. når det gjeld vedlikehald og utbetringar på anlegg. Det er difor viktig for oss å oppretthalde inntektene. Trenings og medlemsavgifter er ein viktig del av desse inntektene.

Vi vonar at folk og hugsar på at BBIL bidreg med meir enn den organiserte idrettsaktiviteten. Idrettsklubben, 123 treningsstudio, spinning, frisbeegolfbane, eigarskap i Breimshallen og Breimsbygda skisenter og opparbeiding av turløyper er døme på slike bidrag.

Breimsbygda Idrettslag ynskjer å være meir for bygda enn berre eit vanleg idrettslag. Dette er ikkje mogleg å få til utan ei stor medlemsmasse «i ryggen».

Lurer du på om vi er verdt medlemspengane bør du sjå denne: https://www.facebook.com/Breimsbygda/videos/864344930851908

Har du av ein eller annan grunn ikkje fått rekninga, ta kontakt på: [email protected]

Er du ikkje registrert som medlem kan du ordne dette her: http://www.breimsbygda.no/bli-medlem-i-bbil/

For ordens skuld: Det vert sendt ut ei rekning til kvart medlem – systemet opnar ikkje for å sende ut samlerekningar. Så ikkje bruk tid på irritere deg over det – det er uansett eit sokalla «i-landsproblem»

Fint om alle betalar innan fristen slik at vi slepp å bruke tida på purring.