[email protected]


Logo
Bli medlem
Inkluderingsfond

SNART FÅR DU KRAV PÅ TRENINGS- OG MELDEMSAVGIFTA

Forfatter: Bjarte Gangeskar

01. oktober 2022

Forside
News article image

Den kjem enten på e-post eller i ei postkasse nær deg.

BBIL har i utgangspunktet låge avgifter samanlikna med andre lag.

Vi har store oppgåver framfor oss. M.a. når det gjeld vedlikehald og utbetringar på anlegg. Det er difor viktig for oss å oppretthalde inntektene. Trenings og medlemsavgifter er ein viktig del av desse inntektene.

Vi vonar at folk og hugsar på at BBIL bidreg med meir enn den organiserte idrettsaktiviteten. Idrettsklubben, 123 treningsstudio, spinning, frisbeegolfbane, Breimsbygda skisenter og opparbeiding av turløyper er døme på slike bidrag.

Breimsbygda Idrettslag ynskjer å være meir for bygda enn berre eit vanleg idrettslag. Dette er ikkje mogleg å få til utan ei stor medlemsmasse «i ryggen».

Lurer du på om vi er verdt medlemspengane bør du sjå denne: https://www.facebook.com/Breimsbygda/videos/864344930851908

Har du av ein eller annan grunn ikkje fått rekninga, ta kontakt på: [email protected]

Er du ikkje registrert som medlem kan du ordne dette her: http://www.breimsbygda.no/bli-medlem-i-bbil/

For ordens skuld: Det vert sendt ut ei rekning til kvart medlem – systemet opnar ikkje for å sende ut samlerekningar. Så ikkje bruk tid på irritere deg over det – det er uansett eit sokalla «i-landsproblem»

Fint om alle betalar innan fristen slik at vi slepp å bruke tida på purring.