DU TRENG FAKTISK IKKJE KUNNE SYKLE EIN GANG
Forfatter: Bjarte Gangeskar
30. januar 2022
No har det vore hjartetrim omlag kvar søndag sidan tidleg haust 2021 - oppmøte har vore varierande. Vi har vore 3-4 personar som har møtt opp med ujamne mellomrom. Men, enno har ikkje leiaren vore heilt åleine. Denne veka prøver vi oss med ei økt både onsdag og søndag.
Bodskapet er: Det er plass til fleire og du treng ikkje vere redd for å prestere. Du treng faktisk ikkje eingang å kunne sykle for å vere med. Og kor hardt dette er, bestemmer du sjølv. Dessutan er dette så effektiv trening at ved eit høve møtte det ein deltakar som hadde med seg stav, han var så gira at han gløymte staven når økta var ferdig.
Om ikkje dette er noko for deg så kan du melde deg på ein av dei ordinære spinningtimane som ligg ute.
I og med at leiaren i idrettslaget har fått streng beskjed om at hjartet hans har godt av å trene med litt intensitet og at enkel intervalltrening på spinningsykkel er eit godt reiskap , er det vel ingen grunn til at han skal gjere dette åleine?
Kvar søndag framover frå kl. 18 til 19 vert det difor «hjartetrening» for godt vaksne kvinner og menn som vil ta vare på hjartet sitt. Det er meininga at ein skal «få litt puls», men kvar og ein bestemmer intensitet sjølv.
Dette er ikkje ei vanleg spinningøkt med «hopp og sprett og brå taktskifte». Dei som heller vil ha det må vente til dei meir moderne spinningøktene med dei ungdommelege instruktørane vert lagt ut.
På "hjartetrimmen" brukar vi 10-15 min roleg oppvarming, deretter 4 intervall med tre minutt pause (med roleg sykling) mellom kvar intervall og til slutt 10-15 minutt med roleg nedsykling. Verre er det ikkje…
Påmelding på nettsida til BBIL : Treningstider | Breimsbygda IL
Om ingen andre gidd å møte opp gjer ikkje det noko – leiaren må ha økta si likevel.
DEL GJERNE!