BREIMSBYGDA G14 PÅ NORWAY CUP
Forfatter: Espen Eithun Langedal
29. juli 2023
Breimsbygda G14 er i skrivande stund på veg til Tigerstaden og Norway Cup!
Breimsbygda sine 13- og 14-år gamle gutar spelar til vanleg i 9ar-fotball i Nordfjord. Men på Norway Cup er spelformene for G14 anten 11-ar eller 7-ar. Grunna uvisse for kor mange gutar som hadde høve til å vere med då påmeldingsfristen gjekk ut melde laget seg på i spelforma 7ar-fotball. 7ar-fotball er ei spelform som gutane har god erfaring med.
Dersom du er i hovudstaden dei neste dagane, og er usikker på kva attraksjonar Oslo har å by på, så er Ekebergsletta sundag, måndag og tysdag ein fin stad å vere i 11-tida. Då kan du nemleg følgje Breimsbygda G14! Fotball er best live.
Viss du derimot ikkje skulle vere i Oslo kan du følgje lenkja under og trykke på hjartet framfor Breimsbygda, så vil du få oppdateringar på kampresultat frå Breimsbygda G14.
https://norwaycup.cups.nu/2023,nb/result/search/br...
Innleiande kampar:
Sundag 30. juli
Kl 11:00 Lyn 1 - Breimsbygda
Bane 25 Ekeberg 7ar
Måndag 31. juli
Kl 11:00 Breimsbygda - Sund Sportsklubb 2
Bane 12 Ekeberg 7ar
Tysdag 1. august
Kl 12:00 Brummunddal - Breimsbygda
Bane 22 Ekeberg 7ar
Heia Breim!