TRIMGRUPPA
Forfatter: Bjarte Gangeskar
31. mars 2023
I tida framover kjem vi til å presentere dei ulike gruppestyra i Breimsbygda idrettslag. Leiarane i dei ulike gruppene vert i samband med det gjeve litt ekstra merksemd. Det er i gruppene den viktige aktiviteten skjer og leiarane tek oftast eit tak langt utover det ein vanlegvis tenkjer ligg til ein styreleiar. Vi finn dei ofte og på trening eller involvert i ulike dugnadsprosjekt.
Eg heiter Ellen Skipenes og er 54 år gamal. Er gift og har 2 vaksne born som begge but i Bergen. Familien vår flytta til Breim for 30 år sidan. Både mannen min og eg er frå Voss.
Då vi kom til Breim vart me overtala til å verta med i idrettslaget. På den måten vart me kjend med bygda og folka her. Oppover åra har ein hatt fleire forskjellige verv i idrettslaget.
Blei spurd av Sabine Exner om eg ikkje ville vera med i trimgruppa for nokre år sidan. Tok litt tid før eg sa ja til det. Likar å gå turar i skogen og på fjellet, samt padle på Breimsvatnet.
Vi er veldig heldige som bur i Breim med den fantastiske naturen rundt oss.
Gruppa har trimpostane rundt i Breimsfjella. Vi har og nokre faste turar i året, som støyl til støyls turen fra Utvikfjellet til Hunskårstøylen. Me skal og prøve å få til litt andre fellesturar for året 2023.
Trimgruppa oppfordrar alle å kome seg ut og laste ned Georeg appen slik at ein kan få poeng på trimpostane som ligger ute.
Her ser du den gode gjengen Ellen har med seg i trimgruppa:
TRIMGRUPPA
| Namn | På val | |
| Leiar | Ellen Skipenes | 2024 |
| Styremedlem | Jon Fossheim | 2024 |
| Styremedlem | Astrid Volle | 2024 |
| Styremedlem | Sabine Exner | 2024 |
| Styremedlem | Rune Fure | 2024 |
| Styremedlem | Anette Støyva | 2025 |