MINNEORD OM PER FELDE
Forfatter: Bjarte Gangeskar
28. januar 2025
Per Felde var ein viktig mann for mange i Breimsbygda -Ein av dei mange som var med og la grunnlaget for ei aktiv idrettsbygd. Per la ned ein stor innsats for idretten også etter at han flytta frå bygda.
Reidar Eide har sendt oss dette minneordet.
Den 3. desember i fjor døydde Per Felde, ein av dei som har markert seg sterkast i friidretten i Breim og i «Idrottslaget Gular» både som aktiv mellomdistanselaupar, trenar og administrativ leiar.
Han vart 87 år gammal.
I gravferda var familie, idrettsvener og aktive og leiarar i Gular samla for å ta farvel med ein mykje omtykt trenar og administrator, og i minnestunda vart han heidra både av leiarane i Gular og av utflytte, tidlegare aktive frå heimbygda.
Per vaks opp på Felde, saman med broren, Reidar og ivrige og flinke idrettsgutar på nabogardane, - Olav, Reiel og andre. Dei trente og konkurrerte i lag på Hole skule. Leik, kalla Per det i boka «Idretten i Breim» der han er portrettert i kapittelet om kjende idrettsfolk i Breim.
For fleire av oss som trena i lag i Indre Breim på 70-talet, var Per ein svært viktig person. Han budde i Bergen, spang og var trenar og leiar i Gular, men kom kvar sommar heim. I heile sommarferien trente han saman med oss mellom- og langdistanselauparane. Han konkurrerte med oss, gav oss treningsråd, treningsprogram og var ein stor motivator for oss som satsa rimeleg hardt på den tida. Sjølv etter at han runda 40, sprang han ned mot 2 minutt på 800m, 4.05 på 1500m og 8.55 på 3000m. Han matcha såleis oss godt både i konkurransar og på intervalltreningane. Ikkje minst viktig var det at han også køyrde oss som ikkje hadde sertifikat på onsdagstreningsstemna i Stryn, Sandane, Eid og Førde. Når vi var på stemne på Fana stadion, var det å bu i huset til Per og Unni på Garnes,- anten dei var heime eller det var midt i sommarferien deira.
Per var ein som stilte opp for heimlaget sitt, - han var med på dugnader på stadion før dei store stemna, han kom med råd og han var ein viktig bindelekk mellom arrangørane i Indre Breim og det drivande friidrettsmiljøet på Bergenskanten. Han tok seg også samvitsfullt av fleire av våre topputøvarar som flytte til Bergen. I minnestunda kom det t.d. fram at han ordna med at ein av dei fekk flytta tenestestad for verneplikta si slik at han kunne trene og konkurrere med Gular!
Per var arrangør og ansvarleg for fleire treningsleirar for Gular her i Breim. «Det var fantastisk for meg, saman med IBIL, å kunne invitere Gular på treningsopphald i ei slik vakker og gjestmild bygd. Vi kosa oss, og hadde stort utbytte av oppholda her, både sosialt og på treningsturane på fjellet og nede i bygda.» (Sitat frå boka, «Idretten i Breim»)
I minnestunda for Per heldt mellom andre Helge Sæhus Brekke tale. Han fortalde om første gongen han skulle springe Breimstafetten. Han var ung og visste ikkje kvar han skulle finne etappen sin. Då dukka Per Felde opp, prata med ein nervøs Helge og var med han til etappen sin,- i staden for å varme skikkeleg opp til sin eigen viktige førsteetappe. Dette var eit utruleg sterkt minne for Helge, og som han sa fortalde mykje om ein snill og hjelpsam idrettskamerat.
Per Felde kom til Gular i 1960 då han tok til å studere realfag i Bergen. Han konkurrerte aktivt langt opp i veteranalder og fekk med seg både deltaking på Gular sitt elitelag i Holmenkollstafetten og fleire sigrar i veteranklassen i same stafett. Beste tida hans på bane var 4:00.7 på 1500m. Men det er som administrator og trenar Per vil bli hugsa i idretten. Han var formann både i friidrettsgruppa i fleire periodar og i hovudlaget, Gular, og tok seg av både sportslege og administrative utfordringar i klubbdrifta. Han var også i fleire år redaktør i klubbavisa Havgula. Han var mellomdistansetrenar i mange år og var ein flink motivator på fleire plan. For Per var det eit høgdepunkt at sonen Karl Henrik tok medalje på 400m i NM, og eit av barnebarna er no i norgestoppen på langsprint i si aldersgruppe.
I boka som kom ut til Gular sitt 50-årsjubileum i 1996, finn vi at Per allereie i 1983 fekk Gular sitt heidersmerke i gull. Han hadde då, for å sitere jubileumsboka, «gjennomført eit administrativt maratonløp som det står respekt av, og som blir meir og meir sjeldant i våre dagar». Etter dette heldt Per fram som administrator, som politisk vald leiar i det kommunale idrettsutvalet i Bergen og som leiar i både hovudlaget og i friidrettsgruppa. Han var og trenar for ei stor gruppe eliteløparar i langsprint og mellomdistanse i fem år, «så dersom vi skal samanlikne med eit løp i dag, blir det vanskeleg å finne dekkande ord. Det måtte bli Ultramaraton.» I same boka blir Per karakterisert som ein idrettsleiar «med blikk for dei heilt grunnleggande problema og hans gode evne til å løyse desse.» Per var leiar og trenar i Gular frå 1968 til 2004. I 2007 vart han også heidra som æresmedlem i laget.
Fred over Per Felde sitt minne!
Reidar Eide
Bildetekst: Per Felde, her aktiv på Gular sitt veteranlag på Holmenkollstafetten, gjev gode råd til oss på Indre Breim som var ganske ferske som stafettdeltakarar i Oslo.