[email protected]


Logo
Bli medlem
Inkluderingsfond

ORDFØRAREN OPNA BYRKJELOLEIKANE 2022

Forfatter: Bjarte Gangeskar

18. september 2022

Forside
News article image

Stiller som vanleg opp og held appell og opningstale når Byrkjeloleikane vert arrangert. I år fekk han uventa selskap av søstrene Halbrend frå Førde som ville ta "selfie" og slå av ein prat. Når dei fyrst hadde funne tonen vart dei like godt med og hjalp til under tala. Vi trur ordføraren var nøgde med assistansen.

Her kan du lese opningstala:

"Kjære deltakarar og arrangørar!

Endeleg kan vi arranger og delta på Byrkjeloleikane igjen.

Breim og Byrkjelo har vore vertskap for mange store arrangement opp gjennom åra. Både bygda og idrettslaget har ei lang og stolt idrettshistorie. Nokre hugsar Byrkjelo Games, med store utøvarar Merlene Ottey, Wilson Kipketer, Vebjørn Rodal, Hanne Haugland, Trine Hattestad og Steinar Hoen, for å nemne nokon Byrkjelo Games var eit landet sine beste idrettsstemner og Byrkjelo Games vart arrangert 14 gongar frå 1982-1998! Og det har vore arrangert NM i friidrett her, med brødrene Ingebrigtsen og Karsten Warholm for å nemne nokon.

Dette har vore store arrangement, med internasjonal klasse og mykje oppmerksomhet. Likevel vil eg meine at for idrettskrinsen er dette, Byrkjeloleikane, eit av dei viktigaste idrettsarrangement krinsen har og som ein no har ein lang tradisjon for å arrangere.

For eit idrettsarrangement handlar ikkje berre om å sjå kven som spring fortast, kastar lengst, hoppar høgast eller hoppar lengst. Idrett er så mykje meir enn det og konkurranse er så mykje meir enn det.

For det å konkurrere er og ein konkuranse med seg sjølv, der ein set seg eigne mål, ein trenar, når desse mål og set seg nye.

Konkurranse er også å bryte barrierer for seg sjølv, same om det er langt, høgt, fort eller tungt. Og dette er den ekte konkurransen.

På den måten er det ikkje sigern eller plasseringa som spelar noko rolle, men deg sjølv og di eiga utvikling. Og ikkje minst gleda av å kunne gjere dette og kunne konkurrere med og mot seg sjølv saman med andre.

Den ektefølte og ærlege idrettsgleda utøverene syner her, og den respekten og gleda utøverane på Byrkjeloleikane viser andre konkurrentar er noko alle kan ta stor lærdom av. Og eg vil takke dåkke for dei gode amabasadørane dåkke er for idretten.

Eg vil også takke arrangørane for jobben dåkke gjer og at idrettsarrangement er eit idrettsarrangement anten det er NM eller Byrkjeloleikane. Det også er eksempel til etterfølgelse.

For idrett på sitt beste er inkluderande.

Idrett på sitt beste skapar trivsel og betre folkehelse.

Idrett på sitt beste bind nye band mellom oss menneske, på tvers av alder og bakgrunn.

Idrett på sitt beste skapar vinnarar uansett.

Fordi idrett på sitt beste, minner oss om at det viktigaste, trassa alt er ikkje å vinne, men å delta.

Takk og lukke til med Byrkjeloleikane 2022 "

Og vi takkar ordførar Leidulf Gloppestad for at han stiller opp på dette viktige arrangementet. Fleire bilete og litt meir om sjølve arrangementet kjem i løpet av morgondagen