Alle skal få vere med!
Forfatter: Bjarte Gangeskar
09. september 2023
Alle barn og unge i Breim skal bli inkludert! Ein skal kunne delta på turneringar, kunne reise og være med på sosiale tilstelningar uavhengig av privat økonomisk situasjon.
Breimsbygda Idrettslag har låge medlems- og treningsavgifter. Likevel skal vi ha respekt for at det for nokon kan vere vanskeleg å prioritere slike utgifter i ei tid då alt vert dyrare. For oss er det viktig at ingen lar vere å bli med i idrettslaget fordi ein ikkje har økonomi til det. Difor har vi oppretta eit inkluderingsfond som skal bidra til at alle får vere med.