[email protected]


Logo
Bli medlem
Inkluderingsfond

STRÅLANDE LERØYLEIKAR PÅ BYRKJELO STADION

Forfatter: Bjarte Gangeskar

05. september 2022

Forside
News article image

Eit godt drilla arrangørkorps, ein "nypussa" stadion, strålande veir og ikkje minst; strålande ungdom.

Vel 200 utøvarar, mykje publikum og mange funksjonærar og dugnadsfolk såg ut til å kose seg i sola. Dette er god trening for ungdom som snart skal tevle i større meisterskap. Men, enno viktigare; det er glede, nye vennskap og masse meistringsopplevingar. For arrangørkorpset er det trening for seinare store arrangement på Byrkjelo - og kanskje ein ny giv med tanke på oppgradering av heile anlegget. Eller som ein sa: "Tenk at de kan få til slike arrangement her inn the middle of nowhere". Sjølvsagt kan vi det - og dessutan ligg vi jo midt i verda.

Les og sjå meir her:

(4) Breimsbygda Idrettslag | Facebook

(4) Lerøy-lekene - Vestlandet | Facebook

Vestlandet (friidrett.no)