[email protected]


Logo
Bli medlem
Inkluderingsfond

Ledig sommerjobb - Aktiv sommer på Utvikfjellet!

Forfatter: Vegar Sårheim

10. mai 2022

Ski
Sykkel
Volleyball
Orientering
Barneidrett
Friidrett
Trim
Vektløfting
Håndball
Forside
Treningssenter
Frisbeegolf
News article image

Breimsbygda idrettslag søkjer etter fire ungdomar/unge vaksne til

sommerjobb på Utvikfjellet i perioden 1.-31.juli 2022.

I juli månad skal vi ha open sommerkafé i Fjellstova på Utvikfjellet.

Dette blir også basen for ei rekke ulike aktivitetar for barn og unge.

Stillinga vil vere ein kombinasjon av kafédrift og aktivitetsleiar. Dei

som får jobb skal sjølv vere med å planlegge kva aktivitetar vi skal ha.

Arbeidstida vil vere i tidsrommet kl.10-18 kvar dag, fem dagar i veka.

Vi søkjer deg som kan jobbe sjølvstendig og vere kreativ. Du må like å

jobbe med den yngre aldersgruppa og vere i fysisk aktivitet. Kunnskap

omkring friluftsaktivitetar er eit pluss, men ikkje eit krav. Du må vere

mellom 16-23 år, og gjerne disponere eigen bil enkelte dagar for

tilrettelegging av drift.

Er dette noko for deg eller nokon du kjenner? Send søknad til

[email protected] innan 24.mai.