FRÅ BREIMSBYGDA TIL MALAWI
Forfatter: Bjarte Gangeskar
12. januar 2023
Breimsjenta Maria Kleppe er for tida med på eit spennande hjelpeprosjekt i Malawi. Vi høyrer mykje om fråfall og utfordringar i idretten i vår del av verda. Det skal vi sjølvsagt ta på alvor og gjere noko med. Samstundes har vi av og til godt av å løfte blikket å sjå at i det «store bilete» så har vi det bra.
Breimsbygda IL er stolte av innsatsen og engasjementet Maria – vi vil difor i nær framtid bidra med å samle inn pengar til det flotte arbeidet ho er med på. Idrettslaget vil sjølvsagt bidra med eit pengebeløp. I tillegg vil vi opprette ein «spleis» eller liknande slik at alle som vil kan vere med å bidra til at born og unge i Malawi får utstyret dei fortener. Meir om dette kjem etter kvart.
Her kan du lese litt meir om Maria sin kvardag i Malawi:
«Hausten 2022 reiste eg, i regi av Norges idrettsforbund, på idrettsutveksling til Afrika. I 10 mnd er eg busatt i Mzuzu, Malawi der eg jobbar som frivillig i organisasjonen Malawi National Council of Sports. Eg jobbar i hovudsak som kroppsøvingslærar på en barneskule og på en institusjon for gatebarn, samstundes som eg held treningsøkter for fotballag i lokalsamfunnet. I tillegg har eg førstehjelpskurs for ansatte på dei ulike arbeidsplassane eg jobbar på. Intensjonen med idrettsutvekslinga er å gi born og unge, i landa vi jobba i, like mulighetar til å vere i fysisk aktivitet der hovudmålet er og skape idrettsglede. Vidare forsøker vi å lære opp trenara og lærara slik at arbeidet vi gjer forhåpentligvis vil vere bærekraftig og fortsette når vi reiser heim i juni. Mangel på utstyr begrensar kva vi kan gjer og kor mange som faktisk får vært i aktivitet på samme tid. Eg har for eksempel kun tilgang på 2 fotballar når eg trenar ei gruppe på 40 jenter og gutar, så det begrensar både aktivitetsnivå og innhald i øktene. Likevel må eg berre trekke fram at idrettsgleda er stor blant ungane og dei er berre glad for å få vere i fysisk aktivitet.»