ORDFØRAREN MED GOD APELL PÅ BREIMSTAFETTEN
Forfatter: Bjarte Gangeskar
02. mai 2024
I tillegg til å halde ein god apell så klarte vi å få ordføraren til å love at Gloppen kommune skal stille lag i opa klasse neste år. Denne lovnaden vart gjeven framfor eit publikum på mange hundre - så det skal vi sjølvsagt følgje opp når det nærmar seg neste års stafett. Vi forventar i grunnen at det er rom for å stille fleire lag frå Gloppen kommune. Men, det kjem vi som sagt attende til.
Ordføraren sin gode apell vart avslutta med desse orda: "Spring; spring for å nå dine eigne mål, spring for laget, spring for fellesskapet og spring for våren og livet."
Heile apellen kan du lese her:
Velkommen til Breimstafetten 2024, våren sitt vakraste eventyr.
Stafetten har ei 84 år lang og stolt historie, bare avbroten av ein verdenskrig og ein pandemi. Breimstafetten var Sogn og Fjordane sitt eldste idrettsarrangement. No heiter det ikkje Sogn og Fjordane fylke lenger, saman med Hordaland er vi no ein del av Vestland fylke. Eg håpar at Breimstafetten kan skrive seg inn i historia for Vestland på same måte som det er skreve inn i idrettshistoria for Sogn og Fjordane.
Det kan kanskje virke litt søkt å trekke paralleller mellom Breimstafetten og FN sine bærekraftsmål om god helse og livskvalitet, tryggleik og samarbeid. Men arrangementet er ein viktig arena for å styrke nettopp folkehelse, inkludering og fellesskap. Breimstafetten er eit arrangement som skapar identitet og trivsel for Breimsbygda og Gloppen.
Breimstafetten handlar heller ikkje berre om dei som driv aktivt med friidrett. Her kan bedrifter og vener samle seg og drive uhøgtideleg kappestrid, ja rett og slett ha det kjekt i lag. Breimstafetten er ein alvorleg men fredeleg kappestrid der vi hyller vinnarane og heier på det som vi får til i fellesskap, ja stafett er summen av fellesskap og gode vekslingar. Ikkje alle kan vinne, men alle kan delta og slik flytte eigne grenser og bryte sine eigne målsnører.
Eg vil nytte høvet til å hylle alle frivillige som gjennom åra har bidrege til at Breimstafetten har vore og vil være ein suksess. Samfunnet vårt avhengige av og står på skuldrane av frivilligheita.
Avslutningsvis vil eg heie på alle deltakarane;
Spring; spring for å nå dine eigne mål, spring for laget, spring for fellesskapet og spring for våren og livet. Lukke til!