[email protected]


Logo
Bli medlem
Inkluderingsfond

Restriksjonar i BBIL

Forfatter: Vegar Sårheim

13. desember 2021

Ski
Sykkel
Volleyball
Orientering
Barneidrett
Friidrett
Trim
Vektløfting
Håndball
Forside
Treningssenter
Frisbeegolf
News article image

Frå og med onsdag blir det restriksjonar i våre aktivitetar
Les vidare for meir informasjon...

OPPDATERING OM RESTRIKSJONAR

Følgjande aktivitet må stenge ned:
• Sterk og stødig
• Idrettsklubben
• Sirkeltrening
• Spinningtimar
• Innebandy

I tillegg vil dette og gjelde alle andre organiserte aktivitetar for vaksne som går føre seg innandørs, samt aktivitetar for barn og unge som er ferdig med ungdomsskulen og der meteren ikkje kan haldast ( t.d. handball og fotball).

Trening på 123-treningsstudio er ikkje organisert aktivitet og kan halde fram under føresetnad av alle som trenar registrerer seg ( påmelding) og held meteren.

Idrettsskulen, nøstetrim, basistrening for friidrett kan halde fram, men då med mindre enn 20 stk i kvar gruppe. Nøstetrim kan fortsette med den føresetnad at foreldre som må følgje på trim, må halde ein meters avstand til kvarandre.

For mange kan det vere vanskeleg å forstå at ein skal ha kohortar i skule og barnehage, men kan vere i lag på fritidsaktivitet. Dette står i retningslinjene: «Anbefalingen om 1 meters avstand gjelder ikke på fritiden for barn i barnehage- og barneskolealder." (Kjelde: regjeringen.no). Forskjellen handlar om å redusere talet og omfanget kontaktar totalt sett. Samstundes som ein definerer fritidsaktivitet for barn og unge som viktig for den psykiske helsa.

Grunnlaget for vurderingane dette finn de i utdraget under frå idrettsforbundet under:

«Barn og unge
• Barn og unge i barnehage- eller grunnskolealder kan ha organiserte fritidsaktiviteter, som for eksempel fotballtrening, men det blir anbefalte begrensninger i hvor mange som kan være med. Hvis aktiviteten foregår innendørs bør det være maks 20 stykker, med mindre alle deltakerne er fra samme kohort i skole eller barnehage. (nytt)

• Barn og unge som er ferdig med ungdomsskolen, bør holde meteren også på fritiden. Det betyr for eksempel at de ikke bør spille fotball eller håndball, hvor det er vanskelig å holde meteren. (nytt)

• Det anbefales å utsette eller avlyse organiserte idretts- og fritidsaktiviteter for voksne som foregår innendørs.»

Vi må ta atterhald om at det kan komme ytterlegare endringar og skal i tilfelle prøve å oppdatere her fortløpande.