Breimsbygda Idrettslag har signert sponsoravtale med Convene.
Forfatter: Bjarte Gangeskar
09. juni 2023
Convene er leiande partnar innan sjølvbetente løysningar for betaling og administrasjon, og leverer sine løysningar til 14 land verda over - til alt frå helseføretak, bedrifter, treningssenter, bilutleige, hamnar og reiarlag. Firmaet har sitt opphav i Gloppen, der dei framleis har hovudkontor. Les meir om Convene på www.convene.no/bedrift/
For Breimsbygda Idrettslag er det viktig at næringslivet vel å inngå langsiktige og gode sponsoravtaler med oss, seier Bjarte Gangeskar som er leiar i Breimsbygda Idrettslag. Dette gjer oss i stand til å framleis ha låge medlems- og treningsavgifter, samstundes som vi får økonomisk handlingsrom til å utbetre og vedlikehalde alle anlegga vi er involvert i.
At næringslivet set pris på arbeidet vi legg ned motiverer og til vidare innsats for born og unge og for bygda vår. Vi ynskjer å vere med å skape bulyst i Breim og Gloppen – noko som vi og vonar vil kome våre sponsorar til gode. Levande bygder med eit aktivt idrettslag må jo vere eit godt argument når ein skal rekruttere tilsette med rett kompetanse, seier Gangeskar vidare.
Karoline Gullbrå i Convene fortel at dei er glade for å ha fått på plass eit samarbeid med Breimsbygda Idrettslag. Ikkje minst er vi imponert over alt idrettslaget er involvert i av arrangement, aktivitetar og anlegg. Kanskje kan vi vere med å stimulere til nye store nasjonale meisterskap i friidrett på Byrkjelo Stadion? Breimsbygda Idrettslag må jo og vere eit av få idrettslag i landet som har ein eigen ungdomsklubb, eit eige døgnope treningssenter og er hovudaksjonær i eit skisenter, for å nemne noko. Dette viser jo at ein tenkjer litt utradisjonelt og torer å vere seg sjølv. Noko vi i Convene kjenner oss i igjen i og heiar på, seier Gullbrå.
Og sist, men ikkje minst, har laget klart å foreine både breidde og toppidrett på ein god måte. At ei lita bygdaog eit breiddeidrettslag har fått fram utøvarar som utmerkar seg nasjonalt og internasjonalt i ulike idrettar som alpint, friidrett, vektløfting og fotball er verkeleg eit prov på at ingen ting er umogleg om ein berre vil det nok. Dette er verdiar og haldningar som vi i Convene kjenner oss igjen i og som vi ynskjer å støtte opp om.
Avtalen med Breimsbygda IL er inngått for dei neste tre åra, med eit høve til å forlenge den for ytterlegare to år.
Bilde / frå venstre: Ingvill Hestenes (CEO Convene), Karoline Gullbrå (Marknadsskoordinator i Convene) og Erik Koopmans (Customer Experience Manager).