[email protected]


Logo
Bli medlem
Inkluderingsfond

LOKAL SPONSOR MED FOKUS PÅ Å BYGGE LOKALSAMFUNN

Forfatter: Bjarte Gangeskar

07. mai 2024

Forside
News article image

Breim Energi AS har forlenga sponsoravtala med Breimsbygda Idrettslag.

Nokon lurer kanskje på kva Breim Energi AS er for noko? Enkelt sagt er det driftsselskapet til Beststasjonen på Byrkjelo. Sponsoravtala vert difor marknadsført med logoen til Best -Byrkjelo.

For Breimsbygda Idrettslag er dette ein viktig sponsor, ikkje berre fordi den gjev kjærkomne inntekter i kassa. Like viktig er det at eigarane har satsa stort på næringsutvikling og har tru på lokalmiljøet sitt. Dette syner dei både gjennom støtta til idrettslaget, men og gjennom fleire ulike næringsprosjekt som er med å skape aarbeidsplassar og bulyst i vårt nærområde.

På Best Byrkjelo får du alt det som er vanleg på ein bensinstasjon. Du får i tillegg lade el-bilen din, du kan få vaska bilen i ein ny og moderne automat og du kan få deg eit godt måltid mat. Pølsetysdag på Best er blitt eit omgrep i bygda, men det er mykje anna godt på menyen og. Du bør mellom prøve pizzaen dei serverer - bestill gjerne gjennom Best sin app og hent den når den er klar. Og du, husk at du kan bruke «Coop-kortet» ditt på Best, då blir tilbodet enno betre.

Best Byrkjelo er og ein viktig arbeidsplass for ungdom. Å gje ungdom deltidsjobb er med å knyte dei til bygda og til lokalmiljøet. Dette er viktig for å sørge for at dei får lyst å bu her i eit lengre perspektiv. Altså samfunnsbygging på sitt beste.

Breimsbygda IL oppmodar alle våre medlemmar om å vere med på denne samfunnsbygginga. Dette gjer du ved å støtte opp om våre sponsorar.

Bruk Best Byrkjelo – Her finn du du det treng - God sørvis er inkludert i prisen.

Følg Best Byrkjelo på Facebook: https://www.facebook.com/BestBreim

DEL GJERNE!