[email protected]


Logo
Bli medlem
Inkluderingsfond

G14 SPELAR KM I FUTSAL SUNDAG 5. MARS

Forfatter: Espen Eithun Langedal

01. mars 2023

News article image

G14 er klare for KM-sluttspel i futsal. Du kan følgje dei live i Trivselshallen på Sandane frå kl 11.30 sundag 5. mars.

Breimsbygda G14 måtte til Gaupne for å spele kvalifisering til KM i futsal. Fasit etter fem kampar var fire sigrar, ein uavgjort og 18-3 i målskilnad. Dette gjorde dei til vinnarar av pulje E. Til helga skal dei opp mot Florø, Årdalstangen og Jølster i innleiande gruppespel. Alle kampane vert avvikla i Trivselshallen på Sandane.


KampstartHeimelagBortelagBanenummer
11.30BreimsbygdaFlorø 1Bane 3
12.45BreimsbygdaÅrdalstangen 1Bane 3
13.15Jølster 1BreimsbygdaBane 3

Dersom du er usikker på kva du skal finne på sundag, så er tribuneområdet rundt bane 3 i Trivselshallen ein fin stad å vere. Heia Breim!