[email protected]


Logo
Bli medlem
Inkluderingsfond

Grasrottrenarkurs del 1

Forfatter: Espen Eithun Langedal

09. mars 2023

News article image

Breimsbygda IL - Fotball har gleda av å kunne tilby Grasrottrenar delkurs 1, Barnefotball for våre medlemmar.
Sett av datoane tysdag 11. april og tysdag 18. april.

Kurset består av tre delar: E-læring (nettbaserte modular), klasseromundervising/teori (Stadionbygget på Byrkjelo) og praksis (Byrkjelo stadion).

Delar av kurset vil føregå som e-læring på Internett, der ein skal gjennom tre modular. Ein modul før første kveld, og to modular før den andre kvelden.

Kursstart tysdag 11. april kl 16.30/17.00. Stadionbygget på Byrkjelo.

Tidsramme for første samling er 3 timar, medan den andre kvelden brukar vi om lag 2 timar på.

Vi ønskjer at alle med trenarverv innan fotballen har dette kurset i botn. Det vil forhåpentlegvis gje dykk auka kunnskap og kompetanse som vil bidra til meir tryggleik i trenararbeidet. I tillegg vil det kome barna til gode.

Kurset vil bli heldt på Byrkjelo for medlemmar av Breimsbygda IL. Vi vil understreke at deltakarar ikkje treng å ha eit trenarverv i dag for å vere med på kurset. Nyfikne ungdommar og vaksne med ein trenarspire i magen er også hjartleg velkomne. I tillegg er dette eit bra kurs for lagleiarar/kontaktpersonar og foreldre. Det vert presisert at ingen forkunnskap er naudsynt for å delta. KURSET ER GRATIS.

NB. Viser til vedlegg nedst på sida (BreimsbygdaDel1.pdf) med informasjon om korleis ein melder seg på.

Har du spørsmål eller er interessert i meir informasjon knytt til Grasrottrener del 1 barnefotballkurset,
ta kontakt med Espen, mob 91 00 43 44 / epost [email protected]