MANGE MEINER NOKO OM UNGDOMEN
Forfatter: Bjarte Gangeskar
28. juli 2024
Vil du vere ein av dei vaksne som ikkje berre snakkar om, men som gjer noko for ungdomen?
Ungdom treng vaksne som snakkar med dei. Ungdom treng vaksne som bryr seg og som likar å vere med dei, også når dei utfordrar litt. Som ungdomar flest, er våre ungdomar stort sett kjekke og greie. Dei utfordar oss av og til – noko som faktisk er ein del av det å vere i utvikling. Denne utviklinga er det viktig at vaksne er med på og tek del i. Idrettsklubben er ein arena for slik deltaking.
BBIL skal starte opp igjen med Idrettsklubben til hausten og har då behov for fleire vaksne som kan ta på seg vaktleiaransvaret.
Oppgåva blir fordelt på mellom 4-6 vaksne, noko som betyr at du må sette av eit par fredagskveldar frå veka etter haustferien og fram til påske.
Vil du ha meir informasjon eller kan du tenkje deg å gjere ein innsats, ta kontakt med Bjarte på tlf. 90581490 eller Ingrid på tlf. 48040828.
Vi er glade for alle som melder seg, så slepp vi å bruke tid på å mase.
DEL GJERNE!