KVIFOR VÆRE MEDLEM I BREIMSBYGDA IDRETTSLAG?
Forfatter: Bjarte Gangeskar
27. september 2023
Er du ikkje medlem i Breimsbygda Idrettslag? Går du rundt og trur du er medlem? Eller er du faktisk ikkje heilt sikker? Då oppmodar vi deg om å gjere noko med det!
Ved den årlege utsendinga av medlems- og treningsavgift er det ein del som seier at dei ikkje vil være medlem lenger. Dette då dei ikkje lenger er aktive i idrettslaget eller har born som er aktive. Det er sjølvsagt heilt greitt. ( Men, hugs at det du har fått krav om no er for 2023. Og det er ikkje vår feil om du ikkje har nytta tilgangen til treningsstudioet vårt, om den inngår i medlemskapet du har teikna. :-)
Likevel vil vi minne om at idrettslaget er mykje meir enn tradisjonell idrettsaktivitet. Dei fleste i bygda brukar turstiar vi har laga, har barn eller barnebarn som er med på idrettsklubben eller nyttar Breimsbygda Skisenter, som vi er majoritetseigar i. Kanskje har du og ungdomar eller familiemedlemmar som er heime på sommarstid og som leikar seg i sanden på volleyballbana vår ved Byrkjelo Stadion? Er du medlem i idrettslaget får du gode rabattar på Intersport Sandane og du er med å skapar liv og røre i bygda.
Meir informasjon om korleis du teiknar medlemskap finn du her: Breimsbygda IL - Spoortz