HANDBALLGRUPPA
Forfatter: Bjarte Gangeskar
28. mars 2023
I tida framover kjem vi til å presentere dei ulike gruppestyra i Breimsbygda idrettslag. Leiarane i dei ulike gruppene vert i samband med det gjeve litt ekstra merksemd. Det er i gruppene den viktige aktiviteten skjer og leiarane tek oftast eit tak langt utover det ein vanlegvis tenkjer ligg til ein styreleiar. Vi finn dei ofte og på trening eller involvert i ulike dugnadsprosjekt.
Eva Marie Felde er 41 år, gift og har to ungar på 10 og 8. Jobbar som faglærar på NRK Nynorsk mediesenter og som journalist i NRK Vestland.
Aktivitet for alle som bur i eit lokalmiljø er viktig, helst gjennom heile året. Det er kjekt å sjå eigne og andre sine ungar utvikle seg og meistre nye ferdigheiter og utfordre seg sjølve. Gjennom all fysisk aktivitet som skjer i idrettslaget blir ungane også kjende med andre ungar på tvers av årstrinn, og gjennom kampar og turneringar, så får dei også knytt kontakt med andre ungar andre stader. Å kunne bidra til at ungane har plassar å møtast der dei også kan vere i aktivtet syns eg er veldig kjekt. Ein stor bonus er det også å bli kjend med mange av dei unge i Breim.
For handballgruppa er det viktigaste at vi kan gi eit tilbod til flest mogleg. Og vi er veldig glade for alle som har lyst til å vere med. Stor takk også til alle foreldre som alltid stiller velvillige opp på juleneksal og kakelotteri.
Her ser du dei framifrå folka Eva Marie har med seg i handballgruppa:
| Namn | På val | |
| Leiar | Eva Marie Felde | 2024 |
| Styremedlem | Tina Olafsen Pedersen | 2024 |
| Styremedlem | Vegard Støyva | 2025 |
| Styremedlem | Else Helle Bolstad | 2025 |
| Styremedlem | Marianne Igesund Stokke | 2025 |