[email protected]


Logo
Bli medlem
Inkluderingsfond

TAR DU EIN FOR LAGET?

Forfatter: Bjarte Gangeskar

06. april 2022

Forside
News article image

Breimsbygda IL står framleis utan leiar etter sist årsmøte. Og til no har det ikkje lukkast å «få laus» aktuelle kandidatar til å ta på seg vervet. Det er ikkje heilt uvanleg at det kan vere vanskeleg å rekruttere folk til slike verv. I år har det likevel vore litt tyngre enn vi likar.

Faktisk er det slik at eit idrettslag må ha ein leiar – alternativet er avvikling. Det kan vi sjølvsagt ikkje la skje.

Om du nokon gang skal gå for eit leiarverv burde det vere no. Eit veldrive lag – god økonomi, ei administrativ stilling som held styr på det meste og særgrupper som jobbar godt og sjølvstendig. I tillegg har du gode folk rundt deg i både arbeidsutvalet og i styret. Som om ikkje det er nok, så har den avgåtte leiaren sagt at han kan tre støttande til ved behov. Eller om det kan vere eit enno betre tilbod, han kan la vere.

Sist men ikkje minst, tenk å ha på CVen at du « tok ein for laget»

Er du på gli? Kontakt Vegar på tlf. 93009383 for ein nærare prat.

DEL GJERNE!