[email protected]


Logo
Bli medlem
Inkluderingsfond

Å GJERE ANDRE GLAD

Forfatter: Bjarte Gangeskar

21. desember 2022

Forside
News article image

Breimsbygda idrettslag vil ynskje medlemmar, sponsorar og frivillige ei riktig God Jul.

2022 har vore eit spesielt år, både i idrettslaget og elles i samfunnet. For idrettslaget har det handlamest om å få aktiviteten opp å stå etter pandemien. Det trur eg vi har lukkast bra med. Først og fremst takka vere alle tillitsvalte som legg ned mange timars arbeid kvar veke. Stor takk til dei!

Mange i samfunnet vårt har større utfordringar enn det dei fleste av oss opplever. Dette har blitt veldig tydleg den siste tida. Årets julegåve til tillitsvalte i Idrettslaget er difor ei pengegåvepå kr. 5000 til Krisesenteret i Sogn og Fjordane og tilsvarande beløp til foreininga: «Jul for alle».

Vi ynskjer på denne måten å vise at idrettslaget er ein samfunnsaktør som bryr oss om meir enn resultat og gode idrettsprestasjonar. Vi har alle eit ansvar for å bidra til å ta vare på kvarandre.

God Jul til alle våre medlemmar, sponsorar og frivillige. Utan dykk hadde ikkje kvardagen i lokalmiljøet vore heilt det same.

Vi vonar de blir med oss neste år og.

Med helsing

Breimsbygda Idrettslag

Vegar Sårheim, leiar