ER DU KLAR? - NORSK COUNTRYTREFF VIL TRENGE DEG I ÅR OG
Forfatter: Bjarte Gangeskar
12. mars 2023
Kvifor i alle dagar masar vi om Norsk Countrytreff no ? burde vi heller ikkje brukt kreftene på å få flest mogleg til å nyte fasilitetane på Utvikfjellet? I Breim må vi gjere mange ting samstundes ? og dessutan driv med noko som kallast langtidsplanlegging. Difor litt om Norsk Countrytreff no.
Mange klagar over dugnadsviljen er mindre enn den har vore tidlegare. Vi er har framleis trua på at lokalsamfunnet stiller opp når det skal arrangerast Countryfestival i Breim. Vi minner likevel om at dugnaden som vert gjennomført av over 700 frivillige kvart år, ikkje berre er ein dugnad for festivalen. Det er i høgste grad og ein dugnad for ei levande bygd og eit levande næringsliv.
Breimsbygda Idrettslag mottek kvart år 120.000 kr. i sokalla dugnadskompensasjon frå festivalen. I tillegg har vi inntekter frå eigne dugnadsprosjekt knytt til festivalområdet. Det er difor viktig at våre medlemmer set av tid til ei eller fleire dugnadsvakter i veke 28.
Det er ikkje berre idrettslaget som har gode inntekter frå festivalen. Dette gjeld og Breimshallen, Byrkjelo ungdomslag, Breim Bygdeungdomslag, Breim Countryklubb, og Norsk Fjordhestgard.
For at festivalleiinga skal kunne planlegge effektivt, er det difor fint om bygdefolket kan gje beskjed dersom dei kan tenkje seg å ta meir enn ei vakt i løpet av festivalveka. Det same gjeld om ein ikkje har stått på vaktlistene, men kan tenkje seg å bidra.
Dersom du veit at du ikkje er heime under festivalen i år – er det i grunnen trasig både for deg og for oss. Men, gje oss likevel ei melding om det så skal vi prøve å ro arrangementet i land utan ditt bidrag i år.
Tilbakemeldingar kan gjevast til Turid Bøyum på e-post: [email protected] eller på SMS til 92841292
Les meir her: Breimsbygda IL - Spoortz
Foto: Runar Sandnes/NCT