[email protected]


Logo
Bli medlem
Inkluderingsfond

IDRETTSKLUBBEN OPNAR FOR YNGSTE GRUPPE ( 4.- 6. klasse)

Forfatter: Bjarte Gangeskar

02. februar 2022

Forside
News article image

Vi skal no starte prosessen med å venne oss til eit vanleg liv igjen. Dette opplevast sikkert litt rart for mange at vi opnar opp, samstundes som smitten er nær oss og det vert hevda at fleire av oss skal bli smitta. Vi høyrer på regjeringa og dei råda som vert gjeve og opnar difor opp no. Samstundes lurer du sikkert fælt på kvifor opninga berre gjeld yngste gruppa?

Den enkle forklaringa er at når vi planla vaktlistene i haust så var lagt inn eit anna arrangement for elevane på Gloppen ungdomskule denne fredagen og difor ikkje planlagt IDK for eldste gruppe. Slik stoda er no, vart det litt for kort tid for oss til å rigge ny vaktliste for dei eldste allereie komande fredag. Men, frå og med neste veke satsar vi på at begge gruppene er "oppe og går".

Vi må ta eit atterhald om at det på grunn av smittesituasjonen kan bli utfordringar med vakter som må melde avbud. Vi satsar likevel på at vi skal få dette til ved å bruke av "reservestyrken" i slike tilfeller.

NB! Dersom du har symptom er du grei og held deg heime.

Vaktliste for IDK finn du her: Breimsbygda IL


Del gjerne!