[email protected]


Logo
Bli medlem
Inkluderingsfond

BREIMSTAFETTMEDALJEN 2024 ER TILDELT EIVIND ØYGARD

Forfatter: Bjarte Gangeskar

01. mai 2024

Forside
News article image

Årets vinnar av Breimstafettmedaljen er ein utøvar som framleis er aktiv og som held eit høgt nasjonalt nivå. Vinnaren har ei lang historie som deltakar i Breimstafetten, han har vore med kvart år samanhengande sidan 2002 ? det blir altså 21 startar på rad ( For dei som ikkje får reknestykket til å gå opp, må vi minne om at det ikkje var stafett i «pandemiåra» 2020 -2021) Og ikkje nok med det, han deltok og fyrste året det var ministafett og har to deltakingar i opa klasse for andre lag enn moderklubben. Så her snakkar vi om ein røynd stafettdeltakar.

Resultata er det heller ikkje noko å sei på. Han har vore med å vunne stafetten 12 gangar i herreklassa og ein gang i guteklassa. Truleg den mestvinnande breimstafettutøvaren gjennom tidene.   


Årets vinnar spring ikkje berre stafett, noko desse personlege rekordane er eit utrykk for:

1500   meter:        3:44  

3000   meter:        8:04

5000  meter:      13:37

10000 meter:      28:46

Halvmaraton:  1:04:40


Alle desse resultata er krinsrekordar for senior. Resultata på 5000 m og 10000 m er topp 30 i Noreg gjennom alle tider. Og for dei av dokke som lurer på kor fort dette eigentleg er, så kan de tenkje at 10 000 meter er 25 rundar rundt Byrkjelo Stadion og deretter sjå føre dokke at de skal klare å springe dette på under 29 minutt. – Nokon av oss ville truleg ikkje klare 25 rundar, uansett tid.


Årets vinnar har og delteke i NM og har ein sølvmedalje i terrengløp og ein bronse i halvmaraton. Han har og delteke internasjonalt i terrengløp, både individuelt og på lag, mellom anna saman med nokre kjente brør med namnet Ingebrigtsen. I terrengløp har dette ført til deltaking både i Nordisk – og Europeisk meisterskap, med fleire gode plasseringar individuelt og fleire medaljar for lag.


I tillegg til å vere ein framifrå utøvar på høgt nivå, har årets prisvinnar og engasjert seg som trenar både i eigen klubb og i friidrettskrinsen. Han syner med dette at han tek ansvar for fellesskapet og er med og bidreg med kunnskap og engasjement for at enno fleire skal få del i gleda med å drive friidrett.



  

Ein verdig og velfortent mottakar av heidersteiknet Breimstafettmedaljen med diplom:

Eivind Øygard