BREIMSBYGDA IDRETTSLAG DELTEK I SKISENTERET SIN EMISJON
Forfatter: Bjarte Gangeskar
21. mars 2022
Årsmøte i BBIL har bestemt å bidra med kr. 100.000 i den pågåande utvidinga av aksjekapitalen i Breimsbygda Skisenter AS
Føresetnaden for bidraget er at ein når målet om utviding av aksjekapitalen med minimum kr. 1,5 millionar.
Grunngjevinga for årsmøte sitt vedtak er at skisenteret er viktig for idrettslaget sin aktivitet og for utviklinga i lokalsamfunnet generelt. Idrettslaget er og ein av eigarane av anlegget. Vårt bidrag vil difor vere eit viktig signal og ei oppmoding til andre krefter i lokalmiljøet som kan bidra med kapital.
Meir informasjon om korleis du går fram for å bli med på emisjonen: Skisenter2022—side 4 (ipaper.io)
Teikningsblankettar finn du på Skisenteret/Fjellstova eller på butikkane i bygda. Alternativt kan du ta kontakt med Kjell Paulen på tlf. 913 72648.
Ein annan måte å støtte skissenteret på er sjølvsagt å bruke tilbodet som er der :-)