[email protected]


Logo
Bli medlem
Inkluderingsfond

ENDELEG KVARDAG!

Forfatter: Espen Eithun Langedal

19. august 2023

News article image

I veke 34 startar skulane opp att. Det same gjer haustsesongen for aldersfastlagd fotball.

Breimsbygda sine G10 startar haustsesongen med heimekamp mot Eid, medan G13/14 startar haustsesongen slik dei starta vårsesongen med heimekamp mot Bremanger.
Elles har J11 bortekamp mot Veten/Hardbagg måndag 21. august og G11 skal til Eid onsdag 23. august.

Elles minnar vi om at treningane for miniputtane tysdag 22. august er flytta til Byrkjelo stadion. Årsaken er førespurnad frå Stryn og Vik om å få leige bana i samband med kampavvikling i 1. divisjon avdeling G15/17 der det er lange avstandar.

Når verken lagstrenarane i fotballen eller friidretten hadde innvendingar mot at miniputtane flyttar treninga til Byrkjelo stadion denne tysdagen er alt fryd og gammen. Vi er ein stor idrettsfamilie i Vestland Idrettskrets.

Sundag 27. august er Sandane arrangørklubb for tredje runde av Kongleriket Miniputt-turnering der sju Breimsbygda-lag i alderen 6-9 år er påmelde. Fokusområde for turneringa er grønt arrangement.

Minnar også om årshjulet for fotballen som de finn her, og å ta ein kjapp gjennomgang av vår kortfatta sportsplan som de finn her.

Lukke til med skulestart og haustsesongen. Endeleg kvardag!

Kampar på Reed stadion i veke 34:

Dag, dato og avsparkHeimelag - BortelagSpelformKlasseDommar
Måndag 21. august kl 18:00Breimsbygda - Eid7arG10Anna
Måndag 21. august kl 19:00Breimsbygda - Bremanger 7ar7arG13/14Anders
Tysdag 22. august kl 19:00Stryn - Vik11arG15/17