[email protected]


Logo
Bli medlem
Inkluderingsfond

ANDERS ER ÅRETS ELDSJEL

Forfatter: Bjarte Gangeskar

22. november 2023

Forside
News article image

Anders Felde fekk prisen som årets eldsjel og Laila Therese Kusslid Bjørnerheim fekk stimulansprisen på idrettsbasaren i Breimshallen, søndag 19. november. Under kan du lese grunngjevinga for prisen til årets eldsjel. ( Sjå eiga sak om stimulansprisen)


Årets eldsjel i Breimsbygda idrettslag 2023

Målsetjinga med prisen: Synleggjere frivillig arbeid, stimulere til frivillig innsats, auke medvitet omkring rolla frivillig innsats har for lokalsamfunnet

Retningsliner for tildeling:

1. Eldsjelprisen vert gjeve til ein person som med iver og begeistring gjer, eller har gjort, ein innsats til beste for idrettslaget.

2. I vurderinga skal det leggast særleg vekt på at vedkomande person står fram som eit godt føredøme, viser pågangsmot og soleis stimulerar andre til frivillig innsats.

Årets eldsjel er ein person som har hatt mange roller, verv og oppgåver over eit langt tidsperspektiv. For mange, i alle fall dei utanfor bygda, er han nok meir kjent i andre og meir profilerte roller enn som eldsjel i eit lokalt idrettslag.

Vedkommande var ein allsidig utøvar i barne og ungdomstida, der han var innom idrettar som langrenn, alpint, fotball, handball, orientering, friidrett, turn og stafettar. I konkurransar var han mest aktiv i fotball, alpint og i terrengstafettar. Alpint var den store lidenskapen, medan han var veldig glad i dei lengste etappane i terrengstafettar.

Dei siste 20 åra har han vore trenar i både langrenn og alpint på - og stilt opp på Utvikfjellet for at alle barn og unge i laget skal få høve til å kjenne på skiglede og meistring.

Vedkomande er og «primus motor» i arrangør-staben på Utvikfjellet. Her har han eit ukjent

tal karusellrenn og alpinrenn bak seg. Han er ein av dei få, truleg den einaste, som forstår seg på korleis kablane på tidtakar-/høgtalar anlegget skal koplast, så denne jobben vil han

ha til evig tid. Og når vi først er inne på det med lyd og kablar – så har årets prisvinnar fast med speaker-tjeneste på Utvikfjellet når det skjer noko der som må kringkastast til publikum. Dette er ein jobb som kler han så godt at difor er headhunta til tilsvarande oppdrag på stevner som vert arrangert på Byrkjelo Stadion og under Breimstafetten.

Det er ikkje dugnad på Utvikfjellet utan at årets prisvinnar har ei eller anna rolle. Ofte med eit ansvar for å skaffe folk som kan bidra – i tillegg til at han sjølv er med på den praktiske gjennomføringa av det som skal gjerast. Her kan vi legge til at han heller ikkje er heilt framand for å bidra på dugnader i låglandet.

Årets prisvinnar har ikkje evna til å sei nei – og det er det mange av oss i bygda som nyter godt av. Avslutningsvis kan ein sei litt om den meir formelle CV:

* 1997 - 2003. Adm.sjef Sogn og Fjordane Skikrins.

* 2003 - 2008. Styremedlem i skistyret, Norges Skiforbund.

* 2003 - 2021. Leiar skigruppa, BBIL. ( Her er vi litt usikre på om årstala er heilt korrekte, men han har i alle fall hatt den rolla lenge)

Breimsbygda Idrettslag sin eldsjelpris for 2023 går sjølvsagt til Anders Felde.

Her kan du sjå kva Firda Tidend skriv om saka:

https://www.firdatidend.no/.../anders-heidra-med.../

https://www.firdatidend.no/.../laila-therese-fekk.../