[email protected]


Logo
Bli medlem
Inkluderingsfond

DET ER LENGE TIL ÅRSMØTE ENNO - MEN, FRISTEN FOR Å SEI FRÅ SEG ATTVAL ER 5. JANUAR

Forfatter: Bjarte Gangeskar

08. desember 2024

Forside
News article image

Erfaring tilseier at valkomiteen i BBIL oftast vil trenge litt tid på å få på plass dei brikkene som av ulke grunnar skal skiftast ut. For å få oversikt over aktuelle skifte er det fint om dei som står på val og ikkje vil vere med vidare, gjev beskjed om det så raskt som mogleg. Merk! at denne meldinga ikkje gjeld særgruppene.

Det vert årsmøte i Breimsbygda idrettslag 23. mars 2025. Dei som er på val i AU, barneidrettsgruppa, breimstafettkomiteen, anleggsnemnda og kontrollutvalet og ikkje ynskjer attval, må melde frå skriftleg via sms til leiar i valkomité Rune Dag Kleppe, tlf. 995 97 200, innan 5. januar, 2025.

For ordens skuld minner vi om at særgruppene er eigne valnemnder.


Lurer du på kva tid du står på val, svaret finn du her: Breimsbygda IL - PROTOKOLL FRÅ ÅRSMØTE