[email protected]


Logo
Bli medlem
Inkluderingsfond

FORLENGA LEIGEKONTRAKT PÅ TRENINGSSENTERET

Forfatter: Bjarte Gangeskar

10. november 2024

Forside
News article image

Breimsbygda IL si noverande leigeavtale for treningssenteret går ut 31.12.2024.

Det har no vore gjennomført nye og konstruktive forhandlingar med huseigar. Styret i BBIL har og stadfesta at dei godkjenner avtala som strekker seg fem år fram i tid, altså til 31.12.2029.

Idrettslaget har hatt ei raus avtale med huseigar og har framleis fått gode leigevilkår, sjølv om den i desse tider naturleg nok kostar oss litt meir enn tidlegare. Korvidt dette vil føre til ei forsiktig auke i treningsavgifta for dei som brukar senteret, vil bli avgjort i prosessen med å lage driftsbudsjett for 2025.

Takk til huseigar for konstruktive forhandlingar.

Vil du bli medlem i BBIL og ha tilgang til treningsstudioet? Les her:

https://breimsbygda-il.spoortz.no/org-sign-up/989