[email protected]


Logo
Bli medlem
Styre og AU

DET VERT IDRETTSKLUBB I ÅR OG

Forfatter: BG

02. oktober 2026

Forside
News article image

DET VERT IDRETTSKLUBB I ÅR OG

Det er vel ikkje mogleg å tekje seg ein haust/vinter i Breim utan Idrettsklubb. Oppstart vert fyrste fredag etter haustferien, altså 16.oktober.

Også denne sesongen vil elevar frå idrettslinja på Firda Vidaregåande skule delta. I tillegg er vi sjølvsagt avhengig av at foreldre stiller på som vakter, slik som det har vore i alle år. Og berre så det er sagt, foreldre ( og besteforeldre m.m)  er velkomne til å stikke innom også dei kveldane dei ikkje er sett opp på vakt. Sjølv om ungdomane neppe vil innrømme det, så likar dei at vi vaksne bryr oss.

NB! Dersom du ikkje kan møte på vakta du er sett opp, ber vi om at du tek kontakt med andre foreldre og bytar innbyrdes. Det er fint om ansvarleg vakt og får beskjed om kva bytte som er gjort.

 Vaktlista  og reglar for IDK finn du her:  IDK | Breimsbygda IL

 Snakka gjerne litt om reglane heime.