SKIKVELD FOR IDRETTSKLUBBEN OG SUBBEN
Forfatter: Bjarte Gangeskar
10. mars 2024
Eldste gruppa skal ikkje ha vanleg Idrettsklubb fredag 22.mars. Då blir det i staden fjelldag i lag med Subben frå kl. 19:00 til 22:00.
Vi vonar at dei som er sett opp på vanleg vakt denne kvelden kan bli med sjølv om vakta blir på fjellet og varer ein time lenger. Det er ikkje krav om at vaktene har med seg ski. Vi vil og trenge 2-3 personar som skal betjene heisbuene, desse kjem i tillegg til dei ordinære vaktene. Om nokon melder seg frivillig til dette, er det fint om de sender ein SMS til Bjarte på tlf. 90581490. For yngste gruppe er det vanleg idrettsklubb denne dagen.
På idrettsklubben 15. mars vert det markert ei avslutning for sesongen (sjølv om det vert ope fredagen etterpå). Meir om dette kjem om ikkje så lenge.