Skøyteis ved Breimshallen!
Forfatter: Vegar Sårheim
09. desember 2022
Gudmund & Co. har laga fantastisk skøyteis ved Breimshallen!
I år har ein gjort litt meir ut av det og lagt grus rundt heile bana. Dette har gjort at isen er betre enn nokon gong! Takk til Nordfjord Skifer som har sponsa med grus!
Skøytebana er opa for alle og med vêrmeldingane fram mot jul ser det ut til å bli ein flott kuldeperiode kor vi håpar mange nyttar seg av tilbodet.
Har du ikkje skøyter kan BBIL låne deg eit par. Vi har ein del par som vi vil låne ut til dei som ynskjer. Desse blir låst inn i Breimshallen, så for å låne må du kontakte Jørgen, Gudmund, Per Svein, Sindre eller nokon andre som har nøklar.
Vi har nok ein del skøyter som BBIL eig som er ´på bygda´, så finn du noko heime er det flott om dei blir levert inn slik at andre kan få glede av dei.
Håpar vi ser deg på glattisen ved Breimshallen!