[email protected]


Logo
Bli medlem
Inkluderingsfond

LØYSING PÅ LEIARKABALEN - VEGAR ER VALT TIL NY LEIAR I BREIMSBYGDA IDRETTSLAG

Forfatter: Bjarte Gangeskar

24. mai 2022

Forside
News article image

Tysdag 24.05 vart det avvikla ekstraordinært årsmøte i Breimsbygda Idrettslag. Hovudsaka var val av ny leiar etter Bjarte Gangeskar som vart takka av på det ordinære årsmøte i slutten av mars. Løysinga ein no har funne er at Vegar Sårheim går inn som leiar fram til neste årsmøte, som truleg vert avvikla i mars 2023. I tillegg til val av leiar, vart Baard Helle Bolstad valt inn som nestleiar. Han er valt inn i styret for to år.

Og akkurat det siste er eit viktig poeng, for Vegar har gjort det klart at han ikkje er ei langsiktig løysing som leiar for idrettslaget. Vegar har vore med i styret i idrettslaget sidan tidleg på 2000-talet og har bestemt seg for at han ikkje tek attval på årsmøte for 2022. Dette er og årsaka til at over nemnte løysing ikkje er skissert tidlegare.

At ein no har fått inn Baard Helle Bolstad som nestleiar, gjer at ein sikrar ei kontinuitet i leiinga utover 2022, i tilfelle Vegar gjer alvor av å ikkje ta attval etter den perioden. Mykje kan med andre ord tyde på at ein må på ny leiarjakt til neste årsmøte – Likevel trur vi at løysinga som no er valt er god. Så får laget og bygda nytte tida fram til neste årsmøte med å finne ei meir langsiktig løysing.

I eit lag med god drift og god økonomi – kan vi ikkje sjå ein einaste grunn til at det ikkje skal la seg ordne.