SYKKELGRUPPA
Forfatter: Bjarte Gangeskar
08. april 2023
I tida framover kjem vi til å presentere dei ulike gruppestyra i Breimsbygda idrettslag. Leiarane i dei ulike gruppene vert i samband med det gjeve litt ekstra merksemd. Det er i gruppene den viktige aktiviteten skjer og leiarane tek oftast eit tak langt utover det ein vanlegvis tenkjer ligg til ein styreleiar. Vi finn dei ofte og på trening eller involvert i ulike dugnadsprosjekt.
Helge Løtuft er 59 år. Han jobbar som prosjektingeniør hos Bolseth Glass er gift med Ardis og har 3 born. Helge fortel at han engasjerer seg fordi det gir mykje å være med i fellesskapet og fordi det er en fin gjeng i gruppa
Her ser du kven Helge har med seg i sykkelgruppa:
| Namn | På val | |
| Leiar | Helge Løtuft | 2024 |
| Nestleiar | Bjarte Heggheim | 2024 |
| Styremedlem | Per Rune Hjelle | 2024 |
| Styremedlem | Karin Aardal | 2024 |
| Styremedlem | Linda B Eide | 2025 |
| Styremedlem | Stian Kvellestad | 2025 |