GOD JUL FRÅ BREIMSBYGDA IDRETTSLAG - VI HAR EIT YNSKJE !
Forfatter: Bjarte Gangeskar
22. desember 2024
For å ta juleynskje fyrst: Det er at vi i fellesskap klarar å ta vare på dugnadsånda og helst få med enno fleire og i alle aldrar. Vi trur det er bra for bygda, bra for idrettslaget og ikkje minst trur vi at det å delta på dugnad er bra for folkehelsa. Vi har alle behov for å vere med på noko som er større enn oss sjølv. Så skal vi sjølvsagt har respekt for at alle ikkje har høve til å vere med like mykje. Ingen kan gjere alt, men alle kan gjere litt.
Å drifte eit breiddeidrettslag med stor aktivitet, mange særgrupper og mykje anlegg krev eit visst mannskap. Stort sett går dette greitt. Men, også i Breim merkar vi at det er tyngre å få folk til å stille på dugnad enn berre for nokre få år sidan. Sjølvsagt er det mange heiderlege unntak, men diverre er det slik at det oftast er dei same folka som går igjen – og då ofte også på tvers av organisasjonar. Og for ordens skuld, det er mange andre enn BBIL som treng bygda sin dugnadsinnsats - den innsatsen er sjølvsagt like mykje verdt.
Men, no nærmar det seg jul og eit aktivt år med både arrangement og anleggsutvikling ligg snart bak oss. Då skal vi mellom anna nytte høve til å rette blikket mot andre enn oss sjølv. Breimsbygda IL har tidlegare hatt ein tradisjon med å gje ei lita merksemd til tillitsvalte og andre som har gjort ein spesiell innsats for laget. Dei siste åra har denne merksemda vore ei gåve til ein eller fleire organisasjonar som bidreg til å hjelpe folk med ein meir krevjande kvardag enn det vi har.
Årets julegåve til tillitsvalte i Idrettslaget er difor ei pengegåve på kr. 5000 til Unicef og eit tilsvarande beløp til den lokale aksjonen « Gje ei handlevogn». Gåvene er allereie levert. Vi ynskjer på denne måten å vise at idrettslaget er ein samfunnsaktør som bryr oss om meir enn resultat og gode idrettsprestasjonar. Vi har alle eit ansvar for å bidra til å ta vare på kvarandre – vi har og eit ansvar for å rette blikket utover oss sjølv.
Avslutningsvis nyttar eg og høve til å kringkaste at dette blir mi siste julehelsing som leiar i idrettslaget. Å starte helsinga med å klage på dugnadsinnsatsen og så avslutte med å takke for seg, er kanskje ikkje eit pedagogisk gullkorn. Likevel, eg trur at det er sunt både for meg og for idrettslaget med eit skifte no. Eg har difor gjeve valnemnda beskjed om at eg ikkje tek attval på årsmøte i mars. Men, eg lovar å stille opp på dugnad – noko må til med eg kunne brukast til.
God Jul til alle våre medlemmar, sponsorar og frivillige. Utan dykk hadde ikkje kvardagen i lokalmiljøet vore heilt det same.
Del gjerne!
Med helsing
Breimsbygda Idrettslag
Bjarte Gangeskar, leiar