DET SKJER TING PÅ REED STADION
Forfatter: Bjarte Gangeskar
10. mai 2024
Reed Stadion ligg fint til med naturleg amfi og turløype rundt anlegget. Kunstgrasbane, eiga bane for freesbeegolf og kastring legg til rette for mykje god aktivitet. No blir det gjort enno meir for at anlegget kan bli ein møteplass for fleire enn dei som vil spele fotball og kaste freesbee.
Om ikkje så lenge vert det etablert ein treningspark med 7 fastmonterte enkeltapparat med to funksjonar på kvar, i tillegg til eit større apparat med mange funksjonar. Desse kan brukast til enkel, men effektiv styrketrening. Her er det fritt fram både for dei som driv aktiv styrketrening og dei som berre har behov for et lågterskeltilbod. Gjerne kombinert med ein spasertur i området eller medan ein ventar på born som er på trening eller i frileik.
Vonaleg vil vi og i løpet av kort tid ha på plass eit eige bygg som skal romme lager, speakerbu og kiosk. Dette vil bli bygt over den containeren vi allereie har på anlegget. Denne vil då framleis fungere som garasje for traktoren som vert brukt til å slådde bana. Dette bygget, inkludert containeren, vil bli plassert i bakken i nærleiken av der det står ei brakke i dag.
Som om ikkje det er nok så er vi og snart ferdige med å pusse opp garderober og lage nye toalettfasilitetar i tilknyting til dei. Dette har kome i stand som eit samskapingsprosjekt mellom BBIL og Gloppen kommune. Noko som sjølvsagt og kjem barnehagen til gode.
Treningsparken og lagerbygg har fått godkjent spelemiddelsøknader. I tillegg har vi fått støtte frå Sparebankstiftinga og Sparebanken Vest sitt eldsjelfond. Sper vi på med litt dugnad og noko eigenfinansiering, så får vi eit oppdatert anlegg og ein møteplass for langt fleire enn dei som driv aktiv idrett.