Inkluderingsfond
BLI MED PÅ SLÅTTEDUGNAD PÅ REED STADION
Forfatter: Bjarte Gangeskar
17. juni 2022
Forside
Vi må klippe gras langs kantar og skråningar på Reed stadion og inviterer difor til ei dugnadsøkt mandag 20.06, kl. 18:00. Ta med klippar, rive og anna verkty som kan nyttast. Er vi mange er dette fort gjort.
Og kan du ikkje mandag - er det fullt mogleg å ta seg ei økt på eiga han i løpet av helga.
Oppmodar brukarane av frisbeegolfanlegget og foreldre til fotballspelarane spesielt om å vere med å ta eit tak. Men, alle er velkomne. Legg gjerne igjen ei melding i kommentarfeltet om at du planlegg å møte opp.
Del gjerne!