TAKK TIL ALLE SOM STILTE OPP FOR Å GJERE DETTE TIL EIT VELLUKKA ARRANGEMENT
Forfatter: Bjarte Gangeskar
03. september 2023
Å skulle takke kvar og ein av dei over 100 frivillige personleg let seg ikkje gjere. Men, ein spesiell takk til hvoudkomiteen med Kent Øystein Hjelle, Reidar Moldestad, Ann Iren Festervoll og Anne-Merete Kleppenes i spissen. Eg veit kva arbeid de har lagt ned, både i dette arrangementet spesielt og for friidretten generelt. Det er ikkje mindre enn imponerande. Ein spesiell takk og til funksjonærar frå dei andre klubbane i Gloppen som stiller opp.
Meir frå Lerøyleikane finn du her:
https://www.facebook.com/lekenevestlandet
mvh
Bjarte Gangeskar
leiar Breimsbygda Idrettslag
Og var du ikkje innom Byrkjelo Stadion laurdag formiddag, kan du lese Kent Øystein si opningshelsing her:
"Mitt namn er Kent Øystein Hjelle, eg er leiar i arrangørkomiteen for Lerøyleikane 2023 og på vegne av Breimsbygda idrettslag og mange gode hjelparar frå Hyen IL, STIL, Brodd IL, og Fjellhug Vereide IL vil eg ønskje dykk hjarteleg velkomne til Byrkjelo og årets Lerøyleikar Vestlandet. Ekstra kjekt er det at Innlandet trivdes så godt her i fjor at dei er med oss også i år.
Sidan det grønne skiftet og gjennbruk er ein viktig del av vår tid og at eg var så fornøgd med opningstalen min i fjor så er det nesten 100% gjennbruk av den, men dei som er nye av året har aldri haurt den før, og de som var her i fjor har heilt sikkert gløymt den, så hadde eg ikkje sagt det eg seier no, så er det nok ingen som hadde tenkt på det.
For ein som er vaksen opp med store friidrettsstemne her på Byrkjelo stadion der eg heldigvis er så gammal at eg fekk med meg siste epoken av Byrkjelo Games, eit UM og fleire hovud NM i friidrett er det veldig kjekt å igjen kunne ønske Norsk friidrett velkomne tilbake til Byrkjelo igjen.
Arrangørstaben vi har her i dag består av mykje kunnskap frå tidlegare meisterskap, men og ein del fornying, så vi håpar at vi også i framtida skal kunne klare å vere arrangør av store nasjonale meisterskap innanfor norsk friidrett.
Lerøyleikane er første steget for dykk som deltakarar ut av barneidretten og inn i ungdomsidretten. Dette steget medfører større fokus på resultat og prestasjonar, og de vil bli målt opp mot kvarandre i mykje større grad enn før, men eg håpar likevell at de ikkje mistar gleda av å drive idrett. Det er den viktigaste motivasjonen og drivkrafta som må ligge i botnen om de skal lukkast med det de driv med.
Friidrett kan i mange tilfeller vere ein litt einsam idrett samanlikna med fotball, handball eller andre lagidrettar der ein er fleire ilag, men nettopp difor er Lerøyleikane ein viktig arena der ein får reise ilag med mange andre utøvarar frå sin eigen krets og føle på at ein er ein del av eit lag også her.
De som utøvarar vil utover helga stå i fokus og motta applaus og gratulasjonar for prestasjonane dykkar, men før eg går vidare med å introdusere neste talar så ønsker eg at de som utøvarar skal sjå på gjengen som eg har med meg her i dag, også dei vaksne leiarane som er med frå kretsane dykkar og eg vil at de skal gje dei ein applaus for innsatsen dei legg ned for å få til eit slikt stemne. For utan desse ville det ikkje vore mogleg for dykk å drive med idretten de driv med.
Eg vil også komme med ei lita oppmoding til dykk som no er på veg inn i ungdomsåra. Still opp for klubbane dykkar slik at også neste generasjon idrettsglade ungar får ein arena å blomstre på.
Takk for meg. "